Spørsmål og Svar

Den mystiske erfaringa i Islam

Spørsmål:

Hei.
Eg bladde gjennom «Spørsmål & Svar». Der var det veldig mye bra. Eg er ikkje enig med alle synspunkta dine, men eg respekterer deg for din klare og konsistente tale. Du veit kva du står for, og gjer det.

Men det var ikkje akkurat det eg ville skrive om. Det eg lurte litt på, er korleis den mystiske erfaringa blir betrakta i Islam. Du skriv eit par plassar om fornuften si rolle i religionen. (“Den ynkeligste av Guds skapninger er (…) den som ikke bruker sin fornuft!” (8,22) Vi er pålagt å tenke selv!). Men min personlege erfaring med religion er at han nettop peikar mot eit uutgrunneleg mysterium, ein erfaring av noko som er større enn det språket, og fornuften, kan romme. Her må eg vel gjere oppmerksom på at mine eigne religiøse erfaringar stammar frå kristendommen, men at eg også har leita i buddhismen, ikkje etter substans, men etter eit begrepsapparat som kan romme erfaringa. Eg kan leggje til at eg til dagleg er ein heilt vanleg sekulær humanist, og hvis ein summerer opp alt dette, må ein vel konkludere med at eg er totalt gal (?).

I alle fall: Eg meiner å ha høyrd at når ein les frå Koranen i ein moske, så er ikkje alltid hensikten at ein skal feste seg ved sjølve innhaldet i det ein får lest opp. Poenget er at det er Allah som taler, og gjennom å høyre Koranen, kan ein fornemme eit direkte nerver med han.

Stemmer dette? Og kunne du komme med litt fleire betraktningar rundt den mystiske erfaringa i Islam?


Svar:

Takk for spørsmålet ditt.

Du har rett! Ein kan kome Gud ner på mange vis. Eg har skrivi om tenking og fornuft, som kan bringe deg nerare Gud og skape visshet om Ham. Mystiske erfaringer kan gjere det same.

Når nokon les frå Koranen, til dømes på arabisk, forstår mange ikkje det som vert sagt. Men vi lytter til Allahs tale. Og henter erfaringar ved det. Mange kan bli revne med, når Allahs navn vert nevnt. Dei held fast ved, og går inn i, mystisk erfaring.

Du kan lese mer om dette under sufisme (slå opp på nettet!). Og ein er ikkje "gal" om ein anvender litt sufisme som "sekulær humanist".

19890cookie-checkDen mystiske erfaringa i Islam